top of page
Ingrid_bilete.jpg
MariAskvik_portrett7.jpg

Ingrid Askvik tok avgangseksamen i teaterregi i 2015 ved Teaterhøgskolen i Amsterdam, Amsterdamse Hogeschool van der Kunsten. Hennar arbeid er i si kjerne interdisiplinert, og musikk speler alltid ei stor rolle. 

Ingrid har brei erfaring frå å jobbe stedspesifikt, og våren 2019 regisserte og produserte ho forestillinga SKOG, som hadde si premiere i ei tømmerstove på Hadeland. SKOG er første forestilling i triologien SKOG/HAV/FJELL. 

 

Saman med komponinst og lydkunstnar Felipe Noriega har ho utviklet fleire musikalske objektteaterforestillinger på location, som De verbeelde stad (2016) for Over het ij Festival og SMELT (2017) for Cafe theater festival Utrecht. Hausten 2018 laga dei SKVULP, ein objekt-opera for babyar på DNS i Bergen. 

 

September 2019 har Ingrid regi på Adele Hugo av Cinzia Nistico - ein opera for ei stemme, elektronika og 16 mm prosjektorar. Operaen skal spelast under Fringe Festivalen i Amsterdam. I november 2018 hadde kammeroperaen Madam Koo av Askvik og komponist Meric Artac premiere i Amsterdam, og i 2014 hadde Askvik regi på ICARUS, ein nyskriven opera av komponist Evelin Seppar.

 

Saman med kordirigent Arild Rohde har ho utvikla fleire konseptuelle konsertforestillinger med kor. Våren 2019 laga Askvik og Rohde korforestillinga LoveHurts med Seim songkor og hausten 2019 jobbar dei saman med vokalensemblet Tabula Rasa om ein kirkekonsert rundt krigsminner i Hordaland. Tidlegare har dei laga forestillinger som Back to the future (2016) og We could be heroes (2017) med det nederlandske mannskoret de.fundo, og Gegen dem krieg (2018) med kammerkoret Decamerone. 

 

 

Mari Askvik har si klassiske songutdanning frå Griegakademiet, Norges Musikkhøgskole og Operahøgskolen i Oslo. Heilt frå bardomsåra i Aurland har folkemusikken vore tett på og prega musikaliteten hennar.

 

I dag jobber ho som operasongar og ensemblesongar, og er blant landets mest ettertrakta konsertsolistar.

Vinteren 2022 hadde ho sin internasjonale debut ved Opera North i Storbritannia som Bradamante i operaen "Alcina" av G.F. Händel, dirigert av Laurence Cummings.

 

I påsken 2023 hadde ho sin franske debut då ho gjorde Matteuspasjonen av Bach både i Filharmonien i Paris og på den store påskefestivalen i Aix-en-Provence med det franske barokkensemblet Les Talens Lyriques under leiing av Christophe Rousset. Til hausten vert ho å sjå på Operaen i Bjørvika som Flora i La Traviata av Verdi.

 

Mari er fast songar i Det Norske Solistkor og reiser jamnleg i inn- og utland med dei. 

bottom of page