top of page
38072400_10156483718340295_5949425016662
38005552_10156263946235380_8492513717135

Fem i Stein er ein kyrkjekunstserie i dei fem middelaldersteinkyrkjene i Indre Sogn - Leikanger kyrkje, Vangen kyrkje i Aurland, Dale kyrkje i Luster, Kvamsøy kyrkje i Balestrand og Hove kyrkje i Vik.

 

Kvart år får desse kyrkjene og lokalsamfunna rundt tilbod om ein produksjon, vere seg ei danseforestilling, ein monolog, ei utstilling eller ein konsert. Fem i Stein ønskjer å vere ein nyskapande arena innan kyrkjekunst, og ein stad der kunstnarar frå ulike disipinar kan få utforske dei gamle kyrkjeromma som ramme for sitt kunstuttrykk. 

 

Fem i Stein ønskjer å vere er ein kulturell ressurs i Indre Sogn, og ønskjer også å kombinere sine prosjekt med kulturformiding til born og unge. 

 

Kring olsok 2018 vart den første produksjonen sendt på rundttur - pilegrimsforestillinga "Skritt for skritt". Det var ei konsertforestilling med norske og keltiske folketonesalmar, med felespelar Jon Brodal, songar Mari Askvik og fløytist og organist Ingeborg Christophersen. 

 

Dette nye kulturtiltaket er oppretta og driven av Mari Askvik og Ingrid Askvik. Dei vaks opp i Aurland, budde sidan ein periode på Austrheim i Nordhordaland før familien kom attende til Sogn og til Leikanger. Les meir om dei her.

bottom of page