"IN MY END IS MY BEGINNING"
med JSB-Ensemble Oslo
Leikanger kyrkje
25. september - 20:00
​
Dale kyrkje
26. september - 18:30
​
Vangen kyrkje
27. september - 19:00
Program:
J.S. Bach - Kantate 150
Luciano Berio - A-Ronne
Hugo Distler - Singet dem Herrn
J. S. Bach - Singet dem Herrn
​
Medverkande:
Ditte Marie Bræin, sopran
Karen Mathilde Heier Hovd, sopran
Mari Askvik, mezzo
Eva Landro, mezzo
Robert Lind, tenor
Paul Kirby, tenor
Haakon Hille Hustad, baryton
Halvor Festervoll Melien, baryton
​
Ingrid Økland, fiolin
Øivind Nussle, fiolin
Anna Carlsen Waldingbrett, cello
Einar Schøyen, violone
Gunhild Tønder, orgel
​
Ingrid Askvik, konsertregi
Julia Blank, dirigent


Dirigent Julia Blank (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Med nokre av landets fremste songarar og instrumentalistar får publikumet vårt oppleve ein heilt unik konsert i dei tre største steinkyrkjene i serien vår - Leikanger, Dale og Vangen kyrkje. Det vert både sprudlande musikk av J.S. Bach, jublande tonar av Hugo Distler og fantastifulle utrop i Luciano Berio sitt stykke "A-Ronne"!
​
Om JSB-Ensemble Oslo
Konserten "In my end is my beginning" er JSB-Ensemble Oslo sitt aller første prosjekt, og starten på eit nytt proffensemble i Norge. Målet til ensemblet er å utvikle spennande prosjektprogram i tida framover - med vokal - og kyrkjemusikken til Bach i sentrum. "Denne musikken høyrer til den rikaste i den klassiske musikktradisjonen, og tilbyr stadig nye utøvarar og lyttarar emosjonell, intellektuell og åndeleg føde og motstand"
, seie baryton Halvor Festervoll Melien, som er både bass og produsent i ensemblet. JSB-Ensmeble Oslo har samla åtte av landets finaste solistar og ensemblesongarar, i tillegg til fem framifrå instrumentalister. Dette knippet med musikarar har mange års erfaring med barokkmusikk fra inn- og utland, og Fem i Stein er så glade for å få dei på besøk til Sogn! Etter dei har vore i våre steinkyrkjer skal dei spele konserten under Bergen Kirkeautunnale i Mariakirken, og deretter også i Oslo, i Sofienberg kirke.
BILLETTAR:
​
250 kr for vaksne | 100 kr for born under 16 år.
Om du ønskjer å støtte oss ytterlegare, er det også mogleg å kjøpe sponsorbillett til 350 kr.
​
Billettar kan kjøpast i døra med Vipps eller kontantar. Du kan også tinga billettar på førehand på e-post til info@fem-i-stein.no med namn og antal billettar.
​
Sjekk også ut Fem i Stein sine facebooksider for oppdateringer og bilete undervegs i prosjekta!
Vel møtt!
.png)