"Lova Lova Line"
Medverkande:
Kjersti Morland - forteljing og song
Kari Malmanger - song og diverse instrument
Mari Askvik - song
Ingrid Askvik - regi

I leikne vokalarrangement inspirert av mellomalder, gregorianikk og slåttetradisjon får ein i konsertforrestillinga Lova Lova Line høyre songarane Kari Malmanger, Mari Askvik og songar og forteljar Kjersti Morland.
Etter reformasjonen vart mange statuer, figurar og bilete av Maria fjerna frå både kyrkjerom og stover. Folketoner som omhandla Maria vart omformulerte, eller truleg forbodne å framføre. Men det finst nokre få glimt av songar og spor i folkekulturen som kan gje oss eit innblikk i kva posisjon Maria hadde i samfunnet før reformasjonen kom.
Blomane våre ber også vitnemål om kor viktig ho må ha vore. Det vert hevda at alle blomar med Maria-namn har blitt brukt til lækjedom på ulikt vis. Rosmarin, Maria nøkleblom, Maria gullsko og Marihand er nokre av dei. Lova Lova Line er ein konsert som brukar desse blomane som ein raud tråd. Med folketonar, balladar og legendene vert vi kjend med ei Maria som var nær folk i kvardag og krise.
I oktober 2022 satte me opp denne forestillinga i Hvaler kirke, og fotograf Linnea Syversen dokumenterte og laga denne traileren for oss i samarbeid med Trond Gudevold som tok opp lyden. Ho tok også desse bileta av dei medverkande: