top of page
Frå slåttestev
til chalgia 

Eit musikalsk møte mellom Norge og Makedonia

Nils Økland (NO) – feler
Liv Ulvik (NO) – sang
Dobrila Graseska (MAK) – sang
Dorian Jovanovic (MAK) – oud

I konserten "Fra slåttespel til chalgia" får publikum møte musikarar som har gjort seg bemerka med sitt arbeid for å bevare og fornye tradisjonsmusikken - på kvart sitt felt og i kvar sine land. 

Før dei dreg på turné i Sogn har dei opptrådt under Bergen kirkeautunnale med urfremføringa av «To kongsdøtre» - eit nytt verk av av artist, lyriker og komponist Julian Misic. Verket er skriven som ei poetisk og musikalsk reise som byrjar like før slaget ved Stiklestad og ender i vår tid.

 

Bergen kirkeautunnale ønskjer i samarbeid med kyrkjekunstserien Fem i Stein å bringe vidare det unike i dette folkemusikkmøtet, og vil, ved å sende desse musikarane på turne saman, leggje til rette for vidare utforsking av kvarandres tradisjonar og uttrykk.

Liv Ulvik er ein anerkjent folkesonger, busett i Lærdal i Sogn, som har turnert inn og utland siden tidleg 2000-tall. Gjennom grupper som Eplemøya og Østerlide har ho gjennom mange år blanda tradisjon og nyskaping. Ho har også gjort seg bemerka som komponist og innovativ arrangør av norsk folkemusikk.

Nils Økland er fiolinist og hardingfelespelar og komponist. Både som instrumentalist og komponist foreiner han element fra klassisk musikk, samtidsmusikk og moderne jazz med norsk folkemusikk, og musikalske uttrykk som går på tvers av sjangre og historiske epokar.

Dorian Jovanovic spelar oud og er produsent/komponist. Han fornyer også makedonsk folkemusikk med bandet sitt Chalgia Sound System og duoen, Dobrila&Dorian Duo. Dorian er prisbeløna for sitt arbeid med folkemusikk på Balkan. 

 

Dobrila Graseska er ein av Makedonias fremste tradisjonelle sangere. Ho opptrer ofte på tv og radio og er frontfigur i bandet Dobrila&Dorian Duo.

Billettar

Du kan førehandsbestille på nett eller betale med kort eller Vipps i døra. 

Billettar til konserten i Aurland

Billettar til konserten i Leikanger

Billettar til konserten i Vik

Vaksne: 250 kr/ Under 16 år: Gratis

bottom of page