top of page
KYRKJEKUNSTSERIEN
KOMMANDE PROSJEKT
FRÅ SLÅTTESTEV TIL CHALGIA -
eit musikalsk møte mellom Noreg og Makedonia

26.-28. September 2023

I konserten "Fra slåttespel til chalgia" får publikum møte musikarar som har gjort seg bemerka med sitt arbeid for å bevare og fornye tradisjonsmusikken - på kvart sitt felt og i kvar sine land. 

For billettar og meir info - klikk her

TIDLEGARE PROSJEKT
Maria
Mariapodden

Mai 2023

6.mai kl 18:00 kjem den første episoden av Mariapodden, der skodespelar Vibeke Flesland Havre gjer seg kjend med kva rolle Maria ein gong har spela i norsk kvardagsliv.

For å gå til podcasten - klikk her

LOVA LOVA LINE

Mai 2023

Foto/klipp: Linnea Syversen

Lyd: Trond Gudevold

Lova Lova Line skal ut på ny turnè, og denne gongen tek Fem i Stein turen til nokre steinkyrkjer utanfor dei gamle fylkesgrensene! Vel møtt! Les meir om forestillinga her.

Spelestader:

2.mai kl 19:00: Kvinnherad kyrkje

Lenkje til facebookarrangementet

3.mai kl 19:00: Ullensvang kyrkje

Lenkje til facebookarrangementet

5.mai kl 19:00: Mariakirken i Bergen

Lenkje til facebookarrangementet

LOVA LOVA LINE

Mai & august 2022

I samband med at kopien av Hovemadonnaen har kome attende til Hove kyrkje i Vik, har Fem i Stein laga ei konsertforestilling om Maria. Saman med forteljar Kjersti Morland og kvedar Kari Malmanger stiller me oss spørsmålet: Kven var Maria for folk flest i Indre Sogn og i Noreg før reformasjonen kom til landet? 

JSB
"In my end is my beginning"
med JSB-Ensemble Oslo

September 2019

Med nokre av landets fremste songarar og instrumentalistar får publikumet vårt oppleve ein heilt unik konsert i dei tre største steinkyrkjene i serien vår - Leikanger, Dale og Vangen kyrkje. Det vert både sprudlande musikk av J.S. Bach, jublande tonar av Hugo Distler og fantastifulle utrop i Luciano Berio sitt stykke "A-ronne". Julia Blank og hennar nyoppstarta gruppe JSB-Ensemble Oslo tek oss med på litt av ei reise i denne konserten!

Les meir om årets storsatsning her!

Julia 3.jpg

Dirigent Julia Blank (Foto: Ingvild Festervoll Melien)

Skritt for skritt
SKRITT FOR SKRITT

Juli 2018

Kring olsok ​2018 laga me pilegrimsforestillinga

"Skritt for skritt" med norske og keltiske folketonesalmar. Med oss hadde me Ingeborg Christophersen på fløyter og trøorgel og Jon Brodal på fele og hardingfele. Her er ein videosnutt med nokre glimt frå den første turnéen i dei fem steinkyrkjene.

FEM I STEIN: "Skritt for skritt"
Play Video
bottom of page